| Adresse: Medisinsk Helsesenter AS Brakanes 5730 Ulvik, Norway tlf. +47 56526505 fax + 47 56526770 |
| post@medhelse.no |
![]() |
Nytt Behandlingstilbod med utvida ernæringsrådgiving | |
Foto:Elisabeth Tolliesen/Mat&Helse
Medisinsk Helsesenter AS i Ulvik lanserer i dag eit nytt tilbod om ernæringsrådgiving til pasientane. Gjennom denne tenesta vil vi utvida vårt tilbod om eit heilskapeleg og årsaksretta behandlingsopplegg med diett, kosttilskot, trening og andre tiltak skreddarsydd den enkeltes behov. Johnny Laupsa-Borge (40) blei i juni dette året tilsett som ernæringsrådgivar i full stilling og har fram til i dag arbeida med å utforma det nye tilbodet. Han vil i samarbeid med vår lege Geir Flatabø (54) hjelpa pasientane gjennom dei praktiske utfordringane som er knyta til omlegging av kosthald og livsstil.
Medisinsk Helsesenter AS praktiserer komplementære behandlingsmetodar eller biomedisin, det vil seia ulike behandlingsformer som styrkjer kroppens sjølvlækjande funksjonar. Her freistar vi å finna og behandla årsaker til sjukdom og plager framfor berre å dempa symptom, og vi førebyggjer og behandlar sjukdom med ernæringsmedisin som m.a. inkluderer diett og tilskot av probiotika (fysiologisk gunstige mikrobar), vitamin, mineral, feittsyrer og andre naturlege stoff. Vi har spesialkompetanse på m.a. matallergi/-intoleranse, mage- og tarmproblem og psykiske lidingar. Eitt av våre spesialfelt er behandling av utviklings- og åtferdsforstyrringar, slik som AD/HD og autisme (ASD).
Senteret dreg nytte av ulike laboratorieanalysar som hjelper med å kartleggja årsakene. På bakgrunn av analysane og samtalar med pasienten utformar vi eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg med skreddarsydde kosthaldsråd og kosttilskot tilpasset pasientens manglar og behov. Vi tilbyr også akupunktur og biofeedback. Akupunktur er ein velkjent metode for m.a. å dempa smerter, medan biofeedback er ulike treningsmetodar som normaliserer funksjonane i sentralnervesystemet. Med det nye tilbodet innan ernæringsrådgiving kan senteret no tilby ei meir komplett behandling av ulike kroniske sjukdomar av både fysisk og psykisk karakter. |
| ARTIKLER |
| PASIENTHISTORIER |